mandag 8. oktober 2007

Korleis reparere ein sofa

Det er lett å lire av seg ei mengd med filosoferingar og funderingar rundt meir eller mindre merkelige tema, men kva nytte er det i det? Korleis kan nye tolkingar av ordet bursdag revolusjonere kvardagen til den utslitte og nedbrotne student? Er det ikkje med praktiske rettleiingar om korleis dykk der ute skal takle dei små nedturane i tilværet? Heilt objektivt vil eg her forskuttere svaret frå dykk høgverdige lesarar og svare:

JA!

Difor er vil eg med glede (jfr. KRIK-messa) introdusere for dykk første del i ein serie med praktisk vegleiing: Korleis reparere ein sofa...

1. Det første som må gjerast er å lokalisere opphavet til problemet.

Døme: Ein vill gjest som på søndag kveld nyttar den velkjende tyngdelova til å dale ned i sofaen. Dette vert tett fulgt opp av ein sprø knekkelyd, og rumpa er plutselig plassert under normal sittehøgde.

2. Neste skritt på vegen er å finne ut kor gale det har gått. Det er ønskelig med ein tilstandsrapport på eit par sider der problemet vert utgreia, men det er ikkje absolutt nødvendig for det vidare arbeidet.


Døme: Ein stokk (evnt. omtala som pinne, bjelke eller planke - eg klarer aldri å definere dette trestykket heilt forståelig for andre) i den essensielle hjørnekonstruksjonen i sofaein er knekt beint av, og har i farta tatt med seg litt av den omkringliggjande floraen. Det fører til utglidingar på langsida, og enkelte fatale samanbrot langs forsyningslinja.

3. Tilbod og etterspørsel er det berande prinsippet for punkt tre. Plutselig er det dukka opp eit trong for trevare og spiker til å fikse såret med, og har du då lett tilgjengelig nokon som kan forsyne deg med dette? Det mest konvensjonelle er å gå i ei byggevareforretning, men det kan munne ut i økonomisk katastrofe for ein einslig student. Alternativt kan ein oppsøke ein byggeplass og tigge, dersom du er frimodig nok til dette (noko eg dessverre ikkje var). Det tredje du kan gjere, og min personlige favoritt, er å utnytte slekt og vener som er plassert lageleg til for hogg.


4. Om du framleis har livsgnisten og pågangsmotet i behold når du er komen til fase fire er det tid for den praktiske biten. Det går rykter om at den inneheld sag, stokk, spiker, hammer og sofa, men sidan eg synes det er mykje kjekkare å skrive blogginnlegg kan eg ikkje seie noko sikkert. Lukke til!

3 kommentarer:

Ingrid Marie sa...

Eg høyrer rykter om at alt gjekk bra tilslutt, lukkelegvis! No sit vi her og saknar deg, din godaste Mosland som spring frå hytte til hytte i høgfjellet. Vi håpar du har det vel, og at du saknar oss sånn passeleg mykje.

Eivind sa...

Eg kan melde at eg hadde det veldig fint på det tidspunktet, men eg trur dessverre ikkje eg sakna dykk so mykje akkurat då. Av og til er ein berre heilt oppslukt av leik og moro, som då. Eg saknar ein del av dykk no :)

Gjermund sa...

Sofaen knakk sammen i kveld.
Heldigvis var handyman Aksel tilstede og slo i en spiker.