søndag 7. oktober 2007

Vesle lerka

Nokre spør om kven vi er. Andre er meir opptekne av kvar Willy er. Som ei syntese (jfr. David Hume) av desse to kan vi spørje oss kven Willy er, men det trur eg det er vanskelig å få svar på. Å trenge inn i sinnet til denne høge spinkle mannen med kvit og raud-stripete genser og topplue er det ingen som hittil har klart, so korleis skal vi då få vite kvifor han skjuler seg i so mange ulike kulturelle, sosiale, naturale og historiske omgivnader?

Livet er fullt av meir eller mindre gode spørsmål (det foregåande dømet var eit av dei mindre gode) som vi søker å få svar på, men ikkje heilt maktar å gripe. Slik vil det framleis vere, sjølv om du no leser eit rotete blogginnlegg som hadde tenkt å hjelpe deg. No må eg berre innrømme at eg er på glattisen og i staden slutte med nokre ord frå ein song av Per Sivle:


"Og velse lerka ho hev det so,
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo;

Då kved ho i med sin gladaste song!
Då trur ho på vår med ein einaste gong!"

"Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gje meg i soltru å kveda med deg!"

Ingen kommentarer: