Å danse er å bevege seg til musikk. På torsdag lærer eg å danse swing. Det er kjekt, men litt skummelt. Eg vil ikkje drite meg ut framfor folk. Eg vil vere flinkare enn eg er. Teit. Å danse når ingen er i nærleiken er konge. Då kan eg vere so teit eg vil. Å ikkje trenge å tenke på dei andre er deilig. Alle skulle prøvd å danse når ingen ser på. Det er frigjerande. "Du er rar," seier du. "Har du prøvd?" seier eg. "Nei," seier du. "Prøv!" seier eg.
Hopp, hopp, hopp!
I dag er det tre spørsmål eg gjerne vil ha svar på:
1. Kor gammal vart Dnumrejg i dag?
2. Kva sang byrjar med: Getting used to the silence, used to waking up alone ?
3. Kva skonummer (europeisk) er dei fine, rykande ferske tilbodsfjellskoa som Dnivie har investert i?
PS: Vår sjangerlause tilnærming til bloggfenomenet dei siste dagane har ikkje ført til den overveldande tilstrauminga av lesarar og kommentatorar som det vart oss førespegla. Etter ei analyse av saka, med tilhøyrande tilbakemelding frå lesaren, er bilete, brukarmedverknad og reportasjar frå dagleglivet mine nye satsingsområde. Kanskje.
7 kommentarer:
Swing e ikke helt min greie, men stå på med det du. Æ har svar på dine spørsmål.
1: Dnumrejg blir 21 år.
2: Sangen som starter med den teksten heter: "Think I'm Up For You And I" av Minor Majority.
3: Det ser ut som en typisk sko med den europeiske størrelsen 48.
kan man vinne noe i denne konkurransen?
Du er veldig flink, men sidan du har det vi kan kalle "inside information" blir det ingen bil på deg dessverre.
Du kan vinne eit bringebær om du svarar riktig på dette tilleggsspørsmålet:
Kva er "LXX" ein forkortelse for i kyrkjehistorisk samanheng?
"LXX" er et tillegg til Daniels bok, noen historier som er en del av det gamle testamentets deuterokanoniske skrifter etter katolsk tradisjon eller apokryfer etter protestantisk tradisjon.Tekstene er i dag bare kjent som gresk oversettelse
Septugainta - søtti - XXL
Vi trur vi har svar på alle spørsmåla!
Ein. Dnumrejg vart 21 år den niande oktober totusenogsju.
To. Sangen som startar med den teksten heiter: "Think I'm Up For You And I" av Minor Majority.
Tre. Eg trur du nyttar skostørleik... Det kjem haglande inn med føreslag her! Størleik brunbjørn, hest, kenguru, den avskyelege snømann (Sol) og så vidare. Mens eg trur du nyttar størleik 48! Kven har rett?
Til sist lurar eg på kva slags premie ein kan vinna i denne fortreffelege spørjekonkurransen?
Får ein plusspoeng for utmerka bruk av nynorsk?
Premien vart dessverre spist opp etter Dnumrejg oppførte seg som Tom Stiansen, men de skal få positiv omtale for riktige svar og bruk av norsk.
Som ei tilleggsopplysning kan de vite at str. 48 faktisk er det same som str. brunbjørn. Dette har samanheng med den fine pelsen til alle som brukar denne str., og at dei kan bli aggressive. Men stort sett tar dei ikkje livet av mennesker, so berre ta det med ro.
Det kan bli snakk om ein ny og betre premie om Leska framfører songen framfor ein jury, utan jukselapp.
Skal han synge "Think I'm up for you and I"? Den er jo så trist! Må heller finne en litt mer gladsang til han tror jeg. Så kan du få han til å prøve seg på swing! Lær bort til han det du lærer på kurset:)
Legg inn en kommentar